Hopp til innhald

Handlekurv

Handlekurven din er tom

Utsikt frå Dalsåsen over Dalsfjorden i Sunnfjord

Døskeland Marine AS

Ettermarknad og service

Vi tek vare på båt, motor og MC – frå jamleg vedlikehald til reparasjon, vinterlagring og hjelp når du skal selje.

Foto: Wolfmann / Wikimedia Commons · CC BY-SA 4.0

Vedlikehald og reparasjon

Vi utfører service, vedlikehald og reparasjonar på båt, utanbordsmotor og MC. Verkstaden hjelper med feilsøking, motorarbeid og montering av utstyr. Fortel oss merke, modell og kva som skal gjerast, så finn vi ei løysing.

Vinterlagring av båt

Vi kan hente båten, lagre han trygt gjennom vinteren og levere han tilbake når ein ny sesong nærmar seg. Service, vask, montering av utstyr og glasfiberarbeid kan avtalast i samband med lagringa.

Delar og tilbehøyr

Vi hjelper deg å finne rett del til båt, motor, MC og vasskuter. Oppgi gjerne merke, modell og serienummer når du tek kontakt, så blir det lettare å finne det du treng.

Vi sel for deg

Vil du selje båt eller motorsykkel? Vi kan ta salet for deg etter avtale. Vi går gjennom køyretøyet, blir einige om ein plan for klargjering og annonsering, og tek dialogen med kjøpar.

Finansiering

Vi samarbeider med Brage Finans om finansiering. Ta kontakt, så kan vi gå gjennom aktuelle løysingar for køyretøyet du vurderer.

Send en melding